Transport og miljø

Aktuelt


Norwegians klimaprofil

Norwegian hevder at flyreiser er like miljøvennlige som togreiser i Norge. Det stemmer ikke. 

Oppvarmende fjærskyer

Cirrusskyer fra flyenes kondensstriper står for en betydelig andel av oppvarmingen fra flytrafikk. Klarer vi å styre unna denne skydannelsen, begrenser vi også oppvarmingen fra sektoren.

På tide med en realitetsorientering?

Dersom den globale oppvarmingen ikke skal overstige to grader cel­sius, må klimagassutslippene reduseres med anslagsvis 85 % innen 2050. Kan norsk samferdsel leve opp til en slik ambisjon? Kanskje er det på tide med en realitetsorientering, skriver leder for TEMPO-prosjektet Lasse Fridstrøm. 

Mer...

Presseklipp


Vil ha rushtidsavgift

E24.no: Flertallet i befolkningen er positive til køpriser fremfor tradisjonelle bompenger.

Lyntog bra for klimaet

Hurtigtog kan gi klimagevinst både til Stockholm, Trondheim og Bergen, konkluderer høyhastighetsutredningen. Men Stavanger er det verre med.

Lyntog gir ikke klimagevinst

Lyntog i Norge vil i et 60-årsperspektiv ikke gi klimagevinst, ifølge en delrapport om prosjektet. Grunnen er blant annet CO2-utslipp i forbindelse med bygging av tunneler.

Mer...

Store variasjonar i utslepp frå fly

Det mest drivstoffgjerrige flyselskapet i USA bruker 26 prosent mindre drivstoff enn den verste i klassa, mens sløsaren tjente mest penger. Flyreiser er framleis ein av reisemåtane med størst klimapåverknad per personkilometer sett i forhold til andre reelle alternativ.

Av Borgar Aamaas, klimaforsker


Organisasjonen The International Council on Clean Transportation (ICCT) har undersøkt drivstofforbruket til ei rekkje flyselskap som flaug innanlands i USA i 2010. Rapporten «U.S. domestic airline fuel efficiency ranking 2010» dannar basis for ei årleg oppdatering for å gi passasjerar, forskar og politikarar god informasjon om effektiviteten til flyselskap og deira CO2-utslepp. Ulike flyselskap kan ha svært ulike strategiar og variere i storleik, men ICCT hevder at dette er justert for slik at samanlikna er god.

Spennet i drivstofforbruk er stort. Aller best er Alaska Airlines, mens Allegiant Air kjem dårlegast ut. Omtrent 35 prosent av kostnadene til flyselskapa kjem frå drivstoffet. Difor er det i deira interesse at drivstofforbruket er så effektivt som råd. Likevel var det Allegiant Air som dreiv med størst profitt. Ei rekkje andre økonomiske faktorar spelar inn, blant anna at Allegiant Air flyr ruter med liten konkurranse.

Kva for flyselskap som er mest drivstoffgjerrig mellom to amerikanske byar varierer. Altså kan eitt flyselskap som nasjonalt flyr effektivt kome langt ned på lista for ei spesifikk rute. Forskjellar mellom flyselskap på enkeltruter går frå ni prosent til heile 87 prosent mellom Chicago og New York. Den mest brukte reiseruta gjekk mellom Los Angeles og San Fransciso, mens typiske reiser mellom dei ulike kystane kjem òg høgt på lista.

"Dei korte flyreisene gir det største forbruket per personkilometer. Ein viktig årsak er at takeoff krev mest drivstoff i løpet av ein flytur." 

Omtrent ein tredjedel av forskjellane mellom flyselskap skuldast ulik bruk av teknologi, der nye aerodynamiske fly med effektive motorar brukar minst drivstoff. Blant mange andre relevante faktorar er kor tett seta står, operasjonell praksis, kor stor kabinfaktoren er og kor lange omvegane er under flyginga. Rapporten finn ulike operasjonelle praksisar når det kjem til å fylle meir drivstoff enn nødvendig og korleis taxinga på flyplassen blir gjennomført.

Dei korte flyreisene gir det største forbruket per personkilometer. Ein viktig årsak er at takeoff krev mest drivstoff i løpet av ein flytur. Dessutan vert mindre og mindre effektive fly brukt på dei korte rutene. Ein flytur frå San Fransciso til Los Angeles er 60 prosent mindre effektiv enn ein flytur til New York.

For ein forbrukar som må fly vil det altså vere mest klimavenleg per personkilometer å reise i eit stort, moderne og godt ivaretatt fly der seta står tett og er fylt opp med passasjerar. Likevel er flyreiser ein av reisemåtane med størst klimapåverknad per personkilometer sett i forhold til andre reelle alternativ, blant anna grunna sterk oppvarming frå kondensstriper. Utrekningar av nordmenns reisevaner viser at omtrent halvparten av klimapåverknaden frå transport kjem frå flyreiser, sjølv om desse reisene står for langt mindre enn ein prosent av alle reiser.