Transport og miljø

Aktuelt


Norwegians klimaprofil

Norwegian hevder at flyreiser er like miljøvennlige som togreiser i Norge. Det stemmer ikke. 

Oppvarmende fjærskyer

Cirrusskyer fra flyenes kondensstriper står for en betydelig andel av oppvarmingen fra flytrafikk. Klarer vi å styre unna denne skydannelsen, begrenser vi også oppvarmingen fra sektoren.

På tide med en realitetsorientering?

Dersom den globale oppvarmingen ikke skal overstige to grader cel­sius, må klimagassutslippene reduseres med anslagsvis 85 % innen 2050. Kan norsk samferdsel leve opp til en slik ambisjon? Kanskje er det på tide med en realitetsorientering, skriver leder for TEMPO-prosjektet Lasse Fridstrøm. 

Mer...

Presseklipp


Vil ha rushtidsavgift

E24.no: Flertallet i befolkningen er positive til køpriser fremfor tradisjonelle bompenger.

Lyntog bra for klimaet

Hurtigtog kan gi klimagevinst både til Stockholm, Trondheim og Bergen, konkluderer høyhastighetsutredningen. Men Stavanger er det verre med.

Lyntog gir ikke klimagevinst

Lyntog i Norge vil i et 60-årsperspektiv ikke gi klimagevinst, ifølge en delrapport om prosjektet. Grunnen er blant annet CO2-utslipp i forbindelse med bygging av tunneler.

Mer...

Lynande godt alternativ?

I januar vart forslag for lyntog presentert med brask og bram, mens interessa var mindre då planar for InterCity kom i februar. Kor klimavennlege desse alternativa framstår, avheng av val som blir tatt ved utrekningane.

Av Borgar Aamaas

Lyntog mellom dei største byane i Noreg har nyleg blitt utgreidd av Jernbaneverket. Eit sentralt spørsmål er om utbygging og drift av lyntog vert meir miljøvennleg enn det som vil vere alternativet, ei framtid basert på bruk av fly, bil og dagens tog. Utgreiinga viser at det vil ta 37 år før utsleppa frå utbygginga av lyntog frå Oslo til Trondheim, gjennom Østerdalen, er henta inn att. Den klimamessige tilbakebetalingstida er altså 37 år. For andre ruter er tilbakebetalingstida lengre, for eksempel over 60 år mellom Bergen og Stavanger. Utrekningane avheng av føresetnadene som vert lagde til grunn. Om vi endrar litt på desse, kan vi ende opp med tal som er heilt annleis enn dei vi har sett til no.

Mange val
Fordi ein ikkje veit korleis framtida vil bli, må ein gjere gjettingar i slike utgreiingar. Til dømes må ein gjette om korleis persontrafikken vil vere i 2030 og i 2050, eller kva for teknologi bilar og fly kjem til å bruke. Lyntogutgreiinga har prognosar 60 år fram i tid for desse spørsmåla. Kva ruter som blir valde, er også viktige for utsleppa. Tunnelbygging fører for eksempel til høge CO2-utslepp. Ei rute som går gjennom Gudbrandsdalen, vil ha fleire tunnelar enn ei gjennom Østerdalen, og difor vil ho føre med seg langt større CO2-utslepp.

Elektrisitet
Ein annan viktig føresetnad er kva elektrisitet toget går på. 60 år etter utbygginga vil 30 prosent av dei totale akkumulerte klimagassutsleppa frå ruta gjennom Østerdalen mellom Oslo og Trondheim komme frå drift av toget, altså frå elektrisitet. Dette er basert på såkalla nordisk elektrisitet. Ettersom Norden er blitt ein felles elektrisitetsmarknad, er dette eit fornuftig val. Likevel kunne ein sett på norsk elektrisitet dominert av rein vasskraft eller på europeisk elektrisitet med større innslag av forureinande kolkraft. Med norsk elektrisitet går tilbakebetalingstida ned frå 37 til 23 år, mens med europeisk elektrisitet i 2030 aukar tida til over 60 år.

Dei viktige flyreisene
Dersom lyntog gjennom Østerdalen ikkje blir bygd, vil fly stå for heile 80 prosent av utsleppa av trafikken mellom Oslo og Trondheim, ifølgje scenarioet. Fly har dei største utsleppa per enkeltreise, og til og med lyntog på 100 prosent kolkraft gjev mindre utslepp enn fly. Di fleire flyreiser som kan overførast til tog, di betre. Difor har det stor tyding kva ein antar om flygingane. Den største veikskapen med lyntogutgreiinga sett frå klimasida, er at ho berre inkluderer dei klimagassane som er omfatta av Kyoto-avtalen. I realiteten er det mange fleire effektar som påverkar klimaet. For tog og bil er det mindre viktig om effekten av andre kortlevde effektar er inkludert. Derimot fører kondensstrip-ene frå fly til stor oppvarming, slik at klimaeffekten for fly grovt rekna må doblast. Utgreiinga argumenterer med rette for at det er stor uvisse om dette, og ein har difor ikkje tatt med denne effekten. Om effekten av kondensstriper likevel blei inkludert, vert tilbakebetalingstida for lyntog gjennom Østerdalen redusert frå 37 til ca. 18 år.

InterCity
I etterkant har Jernbaneverket òg greidd ut InterCity. Desse strekningane vil ha ei tilbakebetalingstid på berre fem til åtte år, heiter det. Forskjellane i tilbakebetalingstid mellom lyntog og InterCity er ikkje berre reelle, men skyldest òg bruk av ulike utrekningsmåtar. For det første er utslepp frå utbygginga av InterCity ikkje inkludert. Vidare vert elektrisiteten sett som heilt grøn utan utslepp, ettersom Jernbaneverket har avtalar om å kjøpe straum som er sertifisert som fornybar. Dette gjer at forskjellen i klimagevinst mellom lyntog og InterCity ikkje så stor som tala først tyder på. Likevel vil InterCity i første omgang vere det mest klimavennlege alternativet, sidan utbygginga er mindre krevjande og trafikkgrunnlaget er betre enn for lyntog.

Ved samanlikning er det viktig å vere klar over at dei to togutgreiingane byggjer på ulike føresetnader. Konklusjonane vil variere med ulike val. Det som betyr mest, er føresetnader knytt til flyreiser og elektrisitet.